Av Magnhild Bruheim
Når er ungane store nok, spør vi ofte. Men kanskje vi heller skal spørje når vi som vaksne er store nok til å snakke med ungane om det hemmelege, det interessante og det vanskelege i livet?
Det spørsmålet stilte Hans Sande under NBU-årsmøtet på Leangkollen 11. mars. Han var ein av fire forfattarar som deltok på det faglege seminaret Kven skriv vi for og korleis vert det motteke?
Sande tok utgangspunkt i boka som kom sist haust, Pappa er sjørøvar, illustrert av Silje Granhaug. Den handlar om ei jente som blir med far sin på tur for å røve ein innsjø, for deretter å køyre vatnet i tankbil til palestinske flyktningar. Boka går inn i Midt-Austen-problematikken, der vi mellom anna møter muren og palestinarane som blir stengde ute frå vasskjeldene sine. Boka førte til kraftige reaksjonar frå den israelske ambassaden og fleire kristelege aviser, og i ein annonsekampanje har forlag og forfattar vorte skulda for anti-semittisme.
– Kvar gong eg kjem ut med ei ny bok, er det mange som blir skikkeleg glade, og somme som blir skikkeleg forbanna, seier Sande. – Slik har det vore heilt frå eg gav ut den første barneboka mi i 1972, det var Lita grøn grasbok.
Forklaringa hans på det er at bøkene er ville og ufriserte og ofte tek for seg uvanlege eller vanskelege tema, også med politisk snert. For å få utgitt Pappa er sjørøvar måtte han skifte forlag. Gyldendal sa nei til manuset, fordi den faste redaktøren hans oppfatta det som ”flatt og programmatisk”. Da boka kom ut, var det først uvanleg mange grundige og positive bokmeldingar. Så kom reaksjonen frå ambassadøren med sine brev, først til UD, så til kulturministeren, og negativ omtale i aviser som Dagen, Norge Idag og Dagens Næringsliv. Det har også vore oppslag i israelske aviser og på israelvenlege nettsider.
– Korleis opplever du omtalen i media?
Å, det er heftig å stå midt i stormen, som har vore mykje sterkare enn eg hadde rekna med. Eg visste jo at boka kom til å irritere israelvener. Men det kunne ikkje falle meg inn å tru at ambassaden ville bry seg. Som du veit klagar vi barnebokforfattarar ofte over at barnelitteraturen har låg status og er uviktig. Men her vil ambassadøren ha norsk UD til å tru at denne boka kan skade det framtidige samarbeidet mellom Norge og Israel. Propagandaapparatet vart aktivert, og det er nesten komisk når ambassadøren er bekymra for at israelske soldatar skal få øydelagt ryktet sitt, dei er jo ”a friendly nation with a friendly army”. Kor dum trur han at Jonas Gahr Støre er? Elles har det vore tøft å bli omtala som antisemitt, og å lese overskrifter på nettet som Norwegian Shrink Writes Israel-Demonising Book for Kids. Og bloggarar som lurer på kor dei kan få tak i meg. Heldigvis har forlaget vore aktive og tydelege i å møte skuldingane og forsvare boka. Det har vore viktig for saka og for meg personleg at andre har markert eit positivt syn på politisk barnelitteratur. Det gjeld Dag Larsen i NBI, Bjørn Ingvaldsen i NBU og blant andre advokat Pål Hadler som skreiv ein artikkel i Dagsavisen med overskrifta ”Virkeligheten er verre”, om dei overgrepa palestinske ungar blir utsette for. Og eg har fått eit sterkt inntrykk av at folk flest gjennomskodar taktikken til ambassadøren og dei hjernevaska israelvenene hans; ja, det er typisk at så snart det kjem den minste kritikk av Israel si framferd, så skrik dei opp om antisemittisme.
– Kven er glade for boka? (jf det du seier om at mange blir glade, og mange blir sinte)
Mange av våre beste barnebokkritikarar har skrive positive omtalar og ikkje sett noko negativt i at boka tek opp eit vanskeleg og omstridd tema. Ei mor las boka for ungane sine og spurde meg etterpå: Kva er problemet med å fortelje dette, det er jo slik det er der nede! Boka handlar jo også om møtet mellom norske Tuva og den palestinske Lamia, og den samkjensla som kan blomstre mellom ungar og vaksne frå ulike kulturar.
– Kvifor treng vi den politiske barneboka?
Ei god barnebok kan vere ein møteplass mellom vaksne og ungar. Det er viktig å vise at vi vaksne bryr oss om meir enn det daglege kavet, og at vi vil dele noko av det vi balar med og det vi brenn for med ungane. Vise dei at det finst eit språk for alt, også for det som er vanskeleg og hemmeleg.
– Kva er den største utfordringa ved å skrive politisk?
I utgangspunktet tenkte eg at det var uråd å skrive ei barnebok om konflikten i Midt-Austen. Det var altfor komplisert, tenkte eg. Men så kom eg på at ordet sjørøvar kunne tyde noko heilt anna enn det gode gamle og utslitne, og dermed hadde eg ein nøkkel inn til forteljinga. Dessutan måtte eg fokusere på noko konkret og tydeleg, og det vart då Muren og konflikten om vatnet. Illustratør Silje Granhaug har forsterka uttrykket i teksten og vekslinga mellom røyndom og fabulering, ved å bruke ein blandingsteknikk med teikning og fotografi. Eg er kjempestolt over at vi har fått til å lage ei så flott og sterk bok om eit så viktig tema!
– Er du ikkje redd for at det politiske kan koma i vegen for det litterære?
Det er kunsten, det veit du, å få det til å bli ein leiken og overraskande heilskap, der skjemt og fabulering og djupt alvor glir over i kvarandre. I denne boka er forholdet mellom far og dotter like viktig som oppdaginga av den politiske striden om vatnet og Muren, og dette heng saman med det første og store spørsmålet: Når er ungane store nok, eller når er denne pappaen stor nok til å syne dottera kva han balar med, – og kva han brenn for? Det vi risikerer, er at ungane blir endå meir nyfikne og endå flinkare til å kome med spørsmål: Korfor? Korfor er det så urettferdig?
– Kva kan vera forklaringa på at vi ikkje har fleire politiske barne- og ungdomsbøker?
Veit ikkje. Kanskje er det vanskeleg å få alt til å smelte saman? Kanskje nokon er redde for å bli stempla, slik som eg er blitt? Kvar forfattar må få velje sin veg, og vi i Norden har all grunn til å vere stolte av barnelitteraturen vår. Eg ser mange barnebøker som tek opp brennbare tema i dei nære relasjonane. Tenk på Sinna mann av Gro Dahle og Svein Nyhus! Vi treng mangfaldet, medrekna barnebøker som leitar etter nye uttrykk og nye tema. Eg er ikkje ute etter å provosere, men eg er dårleg på sjølvsensur. Eg oppfattar dette som bodorda mine: Du skal alltid leite etter noko anna. Du skal ikkje ha andre gudar enn…kreativiteten!