Frå 1. mai tar Brynjulf Jung Tjønn over som redaktør for heimesida til NBU. Magnhild Bruheim gjekk ut av NBU-styret på årsmøtet, etter å ha vore med seks år som styremedlem og litt over fem år som redaktør.
Brynjulf er også redaktør for NBU-tipset, og han sit i NBUs litterære råd.
Brynjulf Jung Tjønn, som er oppvaksen i Feios i Sogn og Fjordane, har skrive bøker både for ungdom og vaksne. Han debuterte i 2002 med romanen Eg kom for å elske. For ungdomsboka Så vakker du er (2013) fekk han Brageprisen.
I fjor kom Tjønn med barneboka «Den finaste historia», og nå er han aktuell med romanen Alt det lyse og alt det mørke, som handlar om omsorgssvikt.
Brynjulf Jung Tjønn er også redaktør for litteraturtidsskriftet BLA, og er fast bokmeldar i VG.