Av  A. Audhild Solberg, nyvald styremedlem i NBU

I slutten av august drog styret og det litterære rådet i NBU til Berlin. Det blei eit heitt seminar.

A. Audhild Solberg. Foto: NBU

Rommet var klamt. Ikkje før hadde vêret i Noreg begynt å normalisere seg, før vi sat og sveitta i eit tysk møterom utan aircondition. Ute nærma det seg tretti varmegrader.

Men verken styre, råd eller Ellen lét seg affisere. Dei ni som hadde vore på seminartur med NBU før, lente seg rutinert tilbake i stolen. Dei opna pc-en, helte i kaffi, småsnakka verdsvant seg imellom.

Vi andre fem, nykomlingane, forsøkte oss på det same. Nå gjeld det å vere på hogget! tenkte vi. Gjere oss fortent til tillitsvervet i NBU! Lite ante vi at det også inneber å ete ein halv gris.

Stigande stemning
Men tilbake til temperaturen. Den steig jamleg. Mest på grunn av engasjementet rundt bordet. Eller snarare borda. Den første dagen hadde styret og det litterære rådet møte kvar for seg. Vi i styret kunne høyre høglydt diskusjon i naborommet. Rådet kunne forhåpentlegvis høyre kor målretta styret jobba seg gjennom sakspapira.

Å ta ordet når ein er ny, å våge å seie kva ein faktisk meiner, kan vere vanskeleg. Styret og rådet i NBU gjer det enkelt. Det er rom for å vere ueinig, utan at det går ut over verken framdrift eller stemning. Temperaturen i Berlin var høg, taket i NBU høgare.

Den første dagen besøkte vi også den norske ambassaden, der styreleiar Taran Bjørnstad fortalde om NBU og arbeidet vi gjer. Ambassaden fekk også eit dramatisk møte med Roald Amundsen da styremedlem Bjørn Ousland gjekk laus på flippoveren med fargestifter.

Perspektivutvidande
Det er lett å kimse av prat om visjonar, mål, verdiar og strategiar. Praten kan høyrast svevande ut, full av gode intensjonar, men fattig på innhald. Som nyvald var eg derfor spent på den andre seminardagen, der vi skulle diskutere kva som er og bør vere NBU sine verdiar.

Nå kan eg berre seie éin ting: Slik prat er utruleg nyttig og perspektivutvidande! Utan ein visjon å styre etter blir ein organisasjon fort retningslaus. Utan verdiar blir den usolidarisk, svak og uviktig. Etter å ha opplevd kor grundig det blir jobba med dette i NBU, kan eg slå fast at vi ikkje står i fare for å bli nokon av delane.

Jul i august
Så var det grisen. Den låg på tallerkenen til dei fleste av oss den kvelden vi åt middag på Restaurant Schildkröte, tidlegare NRK-korrespondent Jahn Otto Johansens stamkneipe i Berlin.

Det var rådets eigen Bjørn F. Rørvik som hadde tatt oss med dit. Klok av skade (?) styrte han sjølv unna husets spesialitet. Majoriteten av oss andre, derimot, sat brått med ein halv gris framfor oss, tungt kvilande på ei madrass av poteter og surkål.

Kva som gjekk gjennom hovudet til dei få som klarte å svelgje ned alt, kan ein berre spekulere i. Sjølv var eg fortsatt mett da eg kom ned til frukost neste morgon.