Bokmessa i Frankfurt er over for i år, og dei norske barne- og ungdomsbokforfattarane som gjesta messa er heime igjen. Mange blei intervjua på den norske paviljongen, andre møtte fans og signerte bøker, atter andre besøkte tyske skuleklasser rundt om i byen.
Også representantar frå dei fleste forfattar- og litteraturorganisasjonane i Noreg var til stades på bokmessa, inkludert styret i NBU. Fleire av oss hadde eigne oppdrag i løpet av messa, men vi tok oss sjølvsagt tid til å sjå medlemmene våre i aksjon på scena.
Her er noko av det vi fekk med oss dei dagane vi var i Frankfurt:
Anna Fiske og Maria Parr blir intervjua av serbisk fjernsyn på den norske paviljongen. Bjørn Ousland og Monica Kristensen blir intervjua om bøkene sine om polarheltane Amundsen og Nansen.
Øyvind Torseter i samtale med NBU-leiar Taran Bjørnstad. Gro Dahle og Svein Nyhus blir intervjua om bøkene sine. Anna Fiske i samtale med kritikar Erle M. Sørheim. Anna Fiske, Taran Bjørnstad og Svein Nyhus i selfie-modus.
På den norske fellesstanden i hall 5 var det hektisk møteaktivitet mellom norske agentar og utanlandske redaktørar kvar dag. Dei største agentura på standen var Oslo Literary Agency, som representerer mange Aschehoug-forfattarar, Gyldendal Agency og Cappelen Damm Agency. Godt representert var også forfattarar på Samlaget, Vigmostad & Bjørke, Ena og Magikon.
Glimt frå den norske fellesstanden i hall 5.
Glimt frå den norske fellesstanden i hall 5.
Anna Fiske vinkar til fotografen på den norske paviljongen, der ei rekke norske barne- og ungdomsbøker var utstilt.
Gro Dahle, Svein Nyhus og Maria Parr signerer bøker til fansen. Bokbussen i Oppland hadde tatt turen til Tyskland. Om bord var formidlar Trygve Ramnefjell og NBU-styremedlem Linn T. Sunne.
Aller først: NBU gratulerer Tor Åge Bringsværd som er utnevnt til kommandør av Den Kongelige, Norske St. Olavs Orden for sitt forfatterskap. Bringsværd er den fjerde barne- og ungdomsbokforfatteren som har mottatt utmerkelsen (etter Egner, Vestly og Gaarder). Det var styret i NBU som tok initiativet til å anbefale Bringsværd til utmerkelsen, og det var med stor glede vi mottok nyheten før sommeren. Onsdag 28. august ble Bringsværd behørig feiret i hjemlige trakter på Vestby Kulturkvartal.
Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU) er en selvstendig forening grunnlagt i 1947. Foreningens formål er å ivareta norske barne- og ungdomsbokforfatteres faglige og økonomiske interesser, samt å verne og fremme norsk barne- og ungdomslitteratur. Les mer
PERSONVERNERKLÆRING for Norske Barne- og ungdomsbokforfattere