Er norske barnebøker mangfaldige? Korleis kan vi snakke med barn om kjønnskreativitet? Korleis er det å skrive om transkjønn?
Dette er nokre av spørsmåla Norsk barnebokinstitutt (NBI) kjem til å diskutere i podkasten BARNEBOKPRAT, som nyleg gjekk på lufta.
BARNEBOKPRAT skal knyte kunnskap om barnelitteratur opp mot aktuelle tendensar i samtida, fortel NBI. Både forfattarar, formidlarar og forskarar på det barnelitterære feltet vil delta, og dei fire fyrste episodane er allereie spelt inn.
Episode 1 (26.08.) og 2 (09.09.) handlar om mangfald i barnelitteraturen. Her diskuterer skodespelar, forfattar og dramatikar Camara Lundestad Joof, forfattar Neha Naveen og Ruth Seierstad Stokke, førstelektor ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium ved OsloMet, om norsk barnelitteratur er mangfaldig.
I episode 3 (23.09.) snakkar NBI med lektor og rådgivar ved Pro-senteret, Luca Dalen Espseth, om kjønnsmangfald og kjønnskreativitet. I episode 4 (07.10.) vil forfattar Line Baugstø og forfattar og regissør Jan Elisabeth Lindvik samtale om kvifor dei valde å skrive om transkjønn i eit barne- og ungdomsperspektiv.
Programleiar for podkasten er Ingeborg Sivertsen Landfald, som jobbar som forskningsformidlar på NBI. Episodane blir sleppt annankvar torsdag framover.
Høyr første episode her: