Pressemelding, Skolebibliotek

Styrkar skulebiblioteka

Regjeringa gir 17 millionar kroner til 26 kommunar som har søkt om tilskot for å styrke skulebiblioteka.

– Vi møter skrift overalt, både på skulen, i jobb og på fritida. Det krev gode leseferdigheiter. Å kunne lese godt er avgjerande for å kunna delta i samfunnet. Derfor er det viktig at vi styrkar skulebiblioteka, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Målet med tilskotet er at skulebiblioteka skal vere ein arena for leseglede for alle elevgrupper og i alle fag. Midlane skal òg bidra til å styrke arbeidet med lesestimulering og skape ein inkluderande arena, som tek omsyn til dei ulike føresetnadene til barn og unge med innovative og framtidsretta løysingar.

I tillegg skal tilskotet støtte arbeidet med at skulebiblioteka blir brukte systematisk i opplæringa og bidreg til å nå måla i læreplanverket. Dette betyr at midla òg skal stimulere samarbeidet mellom bibliotekarane og lærarane til skulen.

– Å utvikle leseglede og å vere positivt innstilt til å lese er viktig, fordi vi veit at det å vere motivert for å lese har stor tyding for kor god lesar ein blir. Dei nye læreplanane legg til rette for at elevane utviklar lesekompetansen sin gjennom heile opplæringsløpet. Både leseferdigheiter, lesemotivasjon og det å lære å bruka biblioteket er vektlagt, seier Brenna.

Les meir her.

(Framsidefoto: Skulebiblioteket på Spangereid skole, som blei tildelt NBU-prisen i 2019. Foto: Line Hansen Hjellup/Rolf Steinar Bergli)

Kommentarfeltet er stengt

Ansvarlig redaktør: Alexander Løken
Redaktør: Elin Hansson

E-post: sekretariat@nbuforfattere.no

Telefon: (+47) 22 47 85 70

Postadresse: Postboks 1898 Vika, 0124 Oslo