Nettstudiet i samtidslitteratur for barn og unge tek opp studentar. Studieoppstart er 21. august 2023.
Samtidslitteratur for barn og unge er ei nettbasert vidareutdanning for lærarar, bibliotekarar og andre litteraturformidlarar, og kan gjennomførast ved sidan av full jobb. Studiet har ei arbeidsmengd som svarer til halvparten av eit fulltidsstudium. Studentane lærer om dei sentrale tendensane innan eit breitt mangfald av litteratur- og formidlingsformer.
Studiet er leia av fagleiar Øystein Espe Bae. Både tilsette på instituttet og eksterne førelesarar underviser på studiet. Undervisarane har brei kunnskap på barne- og ungdomslitteraturfeltet og innan formidling.
Studiet gir rett til stønad hos Statens Lånekasse for utdanning.
Søknadsfrist er 15. mai 2023