Har du lyst til å formidle boka di til barn og unge? Den kulturelle skulesekken (DKS) er Noregs største arbeidsplass for kunstnarar og kulturformidlarar og opnar mange moglegheiter for forfattarar. Men korleis kjem ein eigentleg i gang?
Under litteraturfestivalen Falturiltu på Stord arrangerer festivalen og Norsk Forfattarsentrum kurset Ut av boka – inn i rommet. Å formidle litteratur i DKS.
Kurset finn stad 2.-3. november og vil gi deg idear til korleis du kan lage ein litterær produksjon basert på boka di, og korleis du kan søke støtte. Du vil få konkrete tips til sjølve formidlingssituasjonen – korleis du får kontakt med elevane. Kurset vil også sjå på moglegheiter og rammer omkring formidling i DKS og dele tankar om litteraturformidling.
Kurset blir leia av Widar Aspeli, som har brei erfaring med formidling av eigen forfattarskap og som litteraturprodusent. Også forfattar Ingelin Røssland vil bidra med erfaringar. Røssland debuterte med Viss du vil i 1998 og har mottatt ei rekke prisar for bøkene sine.
Les meir om kurset og meld deg på her.